|
|
|
|
 Publisert 31.08.2010
Tysdag 31.8.2010 hadde Sotra RK besøk av Guvernøren vår Ulf Torkelsen. Ulf var ein rørsleg og flott kar som gjorde sterkt inntrykk på medlemane i Sotra RK. Ulf starta som Rotaryanar i 1988 og han fortalde malerisk om tida han hadde hatt i klubben og utviklinga til Guvernør dei siste åra.
 Publisert 23.06.2010
Tysdag 22.6.2010 var det presidentskifte i Sotra Rotaryklubb. Tønnes Kaade Realfsen takka av etter sin periode og Bernhard Eriksen tok over som president i klubben.
 Publisert 23.06.2010
Tysdag 15. juni gjennomførde Sotra Rotaryklubb ein tur til minne om vårt kjære Rotarymedlem Lars O. Lie som så brått vart riven frå oss 9.6.2010.
Turen gjekk i Nordsjøløypetraseen frå Telavåg til Glesnes - ein tur på ca. 9 km i usedvanleg flott natur.
Liv Glesnes var ein strålande guide på turen vår. Ho krydra vandringa med historiske fakta og hendingar og gjorde turen ytterlegare interessant for oss.
 Publisert 23.06.2010
Det var med stor sorg medlamene i Sotra Rotaryklubb mottok meldinga om at Lars O. Lie brått og uventa gjekk bort 9.6.2010.
Lars var i aktiv teneste som ordførar i Fjell kommune heilt til siste dagen.
 Publisert 14.03.2010
Laurdag 13.3.2010 var det duka for å høgtida Sotra Rotary klubb sitt 25-års-jubileum. Klubben, som vart chartra 25.2.1985 har hatt fint driv i dei 25 åra klubben har eksistert. Aktiviteten har vore stor og klubben har markert seg både lokalt, i distriktet, nasjonalt og med internasjonale prosjekt.
 Publisert 20.01.2010
Yrkesmessa var og dette året ein suksess. Ca. 1000 elevar i 10. klasse samt foreldre og lærarar frå Sund, Fjell og Øygarden møtte opp. Over 40 utstillarar hadde stands på messa - dette var ny rekord.
 Publisert 20.01.2010
I samband med reise i USA, vitja Eiliv "The Rotaryclub of Scottsdale" i Phoenix, Arizona mandag den 9. november 2009.
 Publisert 20.01.2010
Tysdag 3.11.2009 hadde Sotra Rotaryklubb opplæring i nye sosiale mediar - Twitter, Facebook, Linkedin o.s.v. Det var Gunnar Buvik som gjennomførde opplæringa. Kurset vart helde i ACOS sine kurslokaler i Straume Teknologisenter.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Sotra Rotary Klubb
|
|
c/o Bernhard Eriksen
|
|
Pålsneset 16
|
|
5337
RONG
|
 |
|
Telefon
|
:
|
0047-913 92 457
|
|
|